Utfallet av omframt årsmøte

Vedtak om namne endring fekk ikkje 2/3 flertall slik lovene til Båtlaget N/T krever.

HANDSASMING AV PROTOKOLL FRÅ OMFRAMT ÅRSMØTE 08. DESEMBER 2023 

VEDTAK 

I sak 2 i det omframte årsmøtet vart innkalling og sakliste vedteke. 

I sak 3 Nytt namn for Båtlaget Njord/Tysnes vart nytt namn/innstilling frå styret vedteke med 8 røyster for og 5 mot. Årsmøtet gjorde vedtak om endring av namnet på bakgrunn av dette. Vedtaket blei protokollført. I etterkant av møtet er det avdekka at namneendringa går som lovendring og treng difor 2/3 fleital for å verta vedteke. Saka er drøfta med Vestland Idrettskrets og styret erkjenner at ein har gjort feil vedtak. Vedtaket fekk ikkje 2/3 fleirtal og vedtaket er då ikkje gyldig. 

I sak 4 Organisasjonsplan/kart vart innstillinga frå styret vedteke med 12 røyster for og 1 mot. 

I sak 5 Endringar i lovene vart innstillinga frå styret vedteke med 12 røyster for og 1 mot, m.a.o. vedteke med 2/3 fleirtal. 

I og med at vedtakene i sakene 4 og 5 delvis bygger på vedtak om namneendring (som er ikkje er gyldig) vert disse også ugyldig. 

Sakene vert då lagt fram for ordinært årsmøte 29. februar 2024 til avgjerd.

Følg oss på Facebook!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift