AKTIVITETAR SOMMAREN 2020

Grunna koronasituasjonen vert sesongen 2020 ulik tidlegare år, og mellom anna er sommarregattaen 20.-21. juni avlyst. Følgjande aktivitetar er planlagt gjennomført:

MANDAG 22. JUNI – FREDAG 26. JUNI
SJØSPORTVEKO 2020
Arrangement for barn 8 – 14 år. Jollesegling og sjømannskap mm. - FULLTEIKNA


SØNDAG 5. JULI 2020 kl 1700
«Å ARRANGERA REGATTAER» – Ope møte i Njordstø.
Det er trong for å styrkja lokal kompetanse mht. å arrangera regattaer. Dette er spesielt viktig med tanke på at laget har teke på seg å arrangera Oselvar-NM i 2023. Vi inviterer derfor til ope møte, og ynskjer å koma i kontakt med personar som er interesserte i segling, og som kan tenkja seg å læra meir om dette. Vi er spesielt interesserte i å koma i kontakt med personar som har vore aktive seglarar tidlegare og som no kunne tenkja seg til å vera med i eit seglarmiljø igjen.


LAURDAG/SØNDAG 11./12. JULI 2020
TRENINGSHELG
I utgangspunktet er det her lagt opp til sigling med spriseglare. Men om nokre vil prøva seg med joller eller andre båttypar så vil vi forsøkja å tilpassa oss det. «1-metersregelen» vil gjelda for personar som ikkje er i familie/bur saman, dvs. maksimum 2 personar i ein oselvar og 1 person i joller. Regattaene vil også bli brukt til opplæring av personell på land og i følgjebåtar. Start kl 1300. Påmelding til Knut-Ove Gjersvik ved SMS til mobil 911 83 826 eller e-post: knut.ove.gjersvik@bkkfiber.no


LAURDAG/SØNDAG 8./9. AUGUST 2020
TRENINGSHELG – Challenger Sails
Dersom det blir arrangert NM 15. -16. august, vil dette bli treningsregatta for NM-deltakarane. Viss ikkje vil vi forsøkja omtrent same opplegg som 11./12. juli. Truleg vil «1-metersregelen» også gjelda da med dei avgrensingar som det gir. Regattaene vil også bli brukt til opplæring av personell på land og i følgjebåtar. Start kl 1300. Påmelding til Lars Grøteide ved SMS til mobil 41530992 eller e-post: lgroteide@gmail.no


SEPTEMBER/OKTOBER 2020
ARRANGØRKURS – Ope kurs
Kurs for personar som er interesserte i å vera med å arrangera regattaer. Kurset er også ope for alle seglarinteresserte/aktive seglarar.

Følg oss på Facebook!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift