Om Dykkargruppa

Her finn du informasjon om kva Båtlaget Njord/Tysnes har å tilby innan sportsdykking.

I 2013 bestemte Båtlaget seg for at ein vil satsa breiare og inkludera fleire idrettar i laget. På Tysnes har det vore eit dykkarmiljø i fleire år utan at ein har hatt eige klubblokale og fasilitetar til å driva denne sporten i organiserte formar. I samarbeid med den tidlegare Sportsdykkarklubben på Tysnes blei det etablert ei dykkargruppe som i dag er ein del av Båtlaget Njord Tysnes. Me tykkjer det er bra at ein kan ha fleire aktivitetar som ein del av laget og er glad for at fleire kan nytta det flotte anlegget me har her i Njordstø også til sportsdykking. I Njordstø er det blitt bygd lagringsbodar for dykkarutstyr og kompressor anlegg for luftfylling. Dette i lag med øvrige fasilitetar i Njordstø og tilkomst til sjøen gjer at dei viktigaste kriteria for å kunne driva med sportsdykking er oppfyllt.

Følg oss på Facebook!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift