Tysnesbåt blei Noregsmeister

Me vil gratulera Tysnesbåten 59 Spretten med mannskap med gullmedalje og noregsmeistertittelen i Oselvar nm 2023

Etter ein liten thriller av ein seilas i lite vind på Søndag vart mesterskapet avgjort. 59 Spretten med Arild Gjerstad som rormann segla inn til ei god plassering i lag med mannskapet Torunn Nødland og Olav Sigurd Nødland. Me gratulerer.

Sølvet gjekk til Mildebåten, 20 Terna med Nils Ove NIpen som rormann medan 150 Ægir og Terje Van Der Meeren fra Austevoll tok bronsemedalje.

I alt 5 seilaser vart arrangert på fjorden av regattakomiteen. Det var stort oppmøte både på regattabanen og på den sosiale tilstelninga i Njordstø på laurdagskvelden. 18 båtar deltok begge dagar. For fullstendig resultatliste sjå link til manage2sail.

NM komiteen vil takka for denne gong og me gler oss til neste mesterskap som skal arrangerast på Tysnes.


Følg oss på Facebook!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift