Vert det krinsmeisterskap for 10 kvm bermudaklassen i år?

Det kan verkeleg sjå slik ut - blir du med? Kjære Siglarven For fyrste gong sidan 2004 ser det ut til at det kan bli kåra ein krinsmeister i 10 kvm-klassen! Vi håpar at du også blir med!

Krinsmeisterskapen vert arrangert som ein del av sumarregattaen til Båtlaget Njord/ Tysnes, 22. og 23 juni. Det vert sendt ut eigen invitasjon med informasjon om påmelding seinare.
Allereie no ser det ut til at det stiller minst 8 båtar på startlinja. Vi står føre ei historisk hending. Noko slikt har ikkje skjedd i dette årtusenet.

Det kan og bli fleire! Om det skulle stille 10 båtar eller fleire til start, vil det absolutt vera ei historisk hending! Vi må attende til 1980 for å sjå slike deltakartal. Vi håpar at du som les dette vil bidra til at vi lukkast med dette, anten ved å delta sjølv, sjå til at ein båt til deltek eller ved å informere andre som delta!

Det er jo flott med historiske hendingar, men det er jo ikkje årsaka til dette initiativet.

Årsaka er:

  • Eit ynskje om at gamle og nye siglarvener kan samlast til god kappestrid på fjorden og til sosialt samvær på land!
  • Ei tru på framtida! Vi trur absolutt at oselvarsiglinga har ei framtid, og at det er råd å få til krinsmeisterskap for bermudaklassane også i framtida, gjerne årleg!
  • Set av 22. og 23. juni, kom til Tysnes og seil i lag med oss!

Ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på! Kontaktperson er:
Lars Grøteide: mobil 415 30 992 Mail: lgroteide@gmail.com, adresse: Kyrkjevegen 8 6809 FØRDE

Helsing
Regattakomiteen saman med Bernhard Gjerstad, Kjell Magnus Økland og Lars Grøteide.

PS: Ynskjer du å delta, men manglar båt, må du berre ta kontakt. Det kan vera ei råd.

Følg oss på Facebook!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift